Eide Gard
Lukk vindu for meny
Gardstun
Eide Gard - Eide - 5580 ØLEN
Tlf: +47 53 76 82 23 Mobil: 992 98 561
Fax: 53 53 53 53
E-post: post@eidegard.no

www.eidegard.no

Søkjer du fred og ro, ei god seng for natta og heimelaga mat til frokost, eller skal du ha ei lita samkome eller ein stor fest?
På Eide Gard finn du svaret på alt dette.


Bed & Breakfast

Eide Gard er staden for deg som søkjer den enkle og tradisjonelle stemninga frå Vestlandet. Gardstunet, som stammar frå rundt 1800 er satt i stand i tradisjonell norsk stil. På garden finn du og eit eldhus med grue, og eit vedskjul som er omgjort til gildeskål (trad. selskapslokale).

Fjordutsikt frå romma, gangavstand til Ølen sentrum, merka turløyper.

Dobbelt-/tosengsrom og enkeltrom


Arrangement

Me serverar både tradisjonell vestlandskost, som lefser og smalahove, eller meir "eksotiske" rettar. Stilen og stemninga vel du sjølv. Me har fleire hus å laga stemning i, anten du ynskjer damask, sølv og kandelabrar, eller meir grovt og røft.

Når me fyrar opp i eldhuset, talglysa er tende og folk er benka på saueskinn
rundt langbordet er det få som klagar på stemninga.
Heller ikkje når allsongen ljomar ut i natta, så hjort og hare fer til skogs.

For deg som søkjer kultur, natur og tradisjon er dette staden.

Lukk vindu for meny