VELKOMMEN TIL BOKN!
Me ynskjer deg velkomen til kommunen som ligg
sentralt til mellom Haugesund og Stavanger. Frå
Bokn har du eit godt utgangspunkt til to store
arbeidsmarknader og kan nyta dei kulturelle tilboda
frå begge desse tettstadene.
I Bokn vil du oppleva trygge oppvekstvilkår
samt ha høve til å dyrka mange fritidssysler
som fiske i sjø og i vatn, fotball, musikk,
m.m.
Kommunen er liten med ca. 800 innbyggjarar som
gir ein nærleik til kvarandre og høve
til å påverka miljøet ditt.
Bokn har ein god skule og full barnehagedekning.
Bokn kommune har (hausten 2004) to kommunale byggefelt
med ledige bustadtomter; Øyrenfeltet, Austre
Bokn og området ovafor kommunehuset i Føresvik.
Det er oppretta eit rabattsystem på tomteprisen
begge stader. |
|