| Etne kommune
er kjent som kongebygda som huser den årlege
Etnemarknaden. Etne er òg blant dei største
landbrukskommunane i Hordaland. Mykje næringsliv
er knytt til landbruk, men her er òg småindustri,
entreprenørverksemd, service og reiseliv.
Innbyggjartalet er om lag 4.000. Her er særs
gode tilbod innan skule, barnehage og helse- og
omsorg. Trygge oppvekstvilkår, rikt kulturliv
og varierte fritidstilbod gjer Etne til ein god
plass å bu.
E-134 passerer gjennom kommunen;
frå Etnefjorden i vest, via vakre Stordalen,
Åkrafjorden med Langfoss, til Rullestad
i aust. Etne har rik natur frå fjord til
fjell og fonn, med gode tilbod for fiske og
friluftsliv. På vegen mot Kvinnherad finn
vi ferje- og feriestaden Skånevik; no
også kjent for sin bluesfestival. På
nordsida av Åkrafjorden ligg veglause
Eikemo; og snart kjem Folgefonna Nasjonalpark
som næraste nabo.
Velkommen til Etne, heimbygda
til Erling Skakke og Kong Magnus;
og i nyare tid diktaren Ingvar Moe.
|