Nye Vindafjord
Tilbake
Nye Vindafjord
5580 ØLEN
Tlf: +47 53 76 67 00
Mobil: +47 909 94 549
Faks: +47 53 76 67 01

www.nyevindafjord.no

 
Nye Vindafjord er prosjektnamnet på samanslåing av kommunane
Ølen og Vindafjord, der desse skal vere samanslått til ein kommune
1.1.2006. Nye Vindafjord kommune ligg på indre del av Haugalandet
med Ølen som kommunesenter, og er geografisk sett ein av dei største kommunane i regionen med sine 624 km2, medan folketalet etter samanslåinga vert på ca 8.200 innbyggjarar.

Nye Vindafjord kommune har 9 levande bygder med kvar sine særtrekk. Kommunen er god å bu i og det er samstundes ein kommune som
er lett å verte glad i, der mellom anna samhald og rikt kulturliv
kjenneteiknar levesettet.

Det er eit allsidig næringsliv i kommunen med små og store verksemder. Den nye kommunen vert den 4. største landbrukskommunen i Norge
målt i husdyrhald og ca 10% av alt slakt i Norge vert gjort innan kommunen.

Kommunikasjonane er gode og det ligg slik sett svært godt til rette for
nye allsidige etableringar