Skånevik
Tilbake
Skåneviknett, uoffisiell nettstad for Skånevik-bygda.

www.skaanevik.no

 
 
 
 
 
Skånevik ligg i utløpet av Åkrafjorden, omkransa av flott natur. Her bur om lag 1.000 innbyggjarar. Om sommaren aukar talet monaleg grunna feriegjestar og reisande. Frå Skånevik går hurtigbåt mot Stord og Bergen, og ferje til Kvinnherad. I gamal tid var postvegen over fjellet mot Etne ein viktig ferdaveg.

Skånevik har eit variert næringsliv, der småindustri, service og reiseliv står i sentrum. Kulturen har ein viktig plass, med fleire store, årlege arrangement. Torgdagane og Bluesfestivalen er dei mest kjente.

Elles er bygda rikt utstyrt, med barne- og ungdomskule, godt barnehagetilbod, omsorgssenter, helsesenter, idrettshall, nyoppussa kyrkje og stort hotell. Skånevik er kjent for sitt trivelege trehusmiljø og sine frodige grøne lunger. I handlegata får du tak i det meste; m.a. dei kjente bakevarene til Larsen Bakeri.

Velkommen til Skånevik, ”Sunnhordlands perle”!