Tysvær Kommune
Tilbake
This panorama requires a HTML4 compliant and Java enabled browser (for example Netscape 4.5 or IE 4.5).
Tysvær Kommune
Rådhuset - 5575 AKSDAL
Tlf: +47 52 75 70 00
Faks: +47 52 75 70 01
 
Tysvær er ein kommune i rask vekst med godt over 9000 innbyggjarar. Utbygginga av gassterminalen på Kårstø har i den samanheng spelt ei viktig rolle. Kommunesenteret Aksdal er knutepunkt for europavegane E39 og E134, som også kommunen sitt kultur- og handelssenter.

Tysvær er kjend for sine mange lune fjordar, flott natur og eit rikt kulturliv. Utvandringa til Amerika har stått sentralt i Tysværkulturen sidan Cleng Peerson organisert den første turen over Atlanteren i 1825. Ein annan kjend person frå Tysværhistoria er kunstmalaren Lars Hertervig (1830 – 1902), født på Borgøy, men seinare flytta med familien til Stavanger. Hertervig kom frå det same kvekarmiljøet som dei fyrste utvandrarane.